1
1. Korintar 13:4-5
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig. Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.
Compare
Explore 1. Korintar 13:4-5
2
1. Korintar 13:7
Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
Explore 1. Korintar 13:7
3
1. Korintar 13:6
Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.
Explore 1. Korintar 13:6
4
1. Korintar 13:13
Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.
Explore 1. Korintar 13:13
5
1. Korintar 13:8
Kjærleiken tek aldri slutt. Profetgåvene skal bli borte, tungene skal teia og kunnskapen forgå.
Explore 1. Korintar 13:8
6
1. Korintar 13:1
Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.
Explore 1. Korintar 13:1
7
1. Korintar 13:2
Om eg har profetisk gåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.
Explore 1. Korintar 13:2
8
1. Korintar 13:3
Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då har eg ingen ting vunne.
Explore 1. Korintar 13:3
9
1. Korintar 13:11
Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn. Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.
Explore 1. Korintar 13:11
Home
Bible
Plans
Videos