1
1. Mosebok 50:20
Bibel 1938 - Bibelselskapet
De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, av di han vilde gjera som han no hev gjort, og berga livet åt mykje folk.
قارن
اكتشف 1. Mosebok 50:20
2
1. Mosebok 50:19
Då sa Josef: Ver ikkje redde! Er då eg i staden åt Guds?
اكتشف 1. Mosebok 50:19
3
1. Mosebok 50:21
So ver no ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borni dykkar. Og han hugga dei og tala blidt til dei.
اكتشف 1. Mosebok 50:21
4
1. Mosebok 50:17
So skal de segja til Josef, sa han: Å kjære deg, tilgjev det brotet og den syndi brørne dine gjorde då dei for so stygt med deg! So tilgjev oss no brotet vårt; me tener då og same Gud som far din! Og Josef gret då dei tala soleis til han.
اكتشف 1. Mosebok 50:17
5
1. Mosebok 50:24
Og Josef sa til brørne sine: No lyt eg døy. Men Gud skal lydast til dykk og fylgja dykk upp frå dette landet til det landet som han lova Abraham og Isak og Jakob.
اكتشف 1. Mosebok 50:24
6
1. Mosebok 50:25
Og Josef tok ein eid av Israels-sønene og sa: Når Gud kjem og lydest til dykk, då skal de taka beini mine med her ifrå.
اكتشف 1. Mosebok 50:25
7
1. Mosebok 50:26
Og Josef døydde då han var hundrad og ti år gamal, og dei salva liket hans og la det i kista i Egyptarland.
اكتشف 1. Mosebok 50:26
الصفحة الرئيسية
الكتاب المقدس
خطط
فيديو