1
1. Mosebok 3:6
Bibel2011 - Bibelselskapet
No fekk kvinna sjå at treet var godt å eta av og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så ho tok av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt.
አወዳድር
{{ጥቅስ}} ያስሱ
2
1. Mosebok 3:1
Slangen var listigare enn alle villdyra som HERREN Gud hadde laga. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?»
3
1. Mosebok 3:15
Eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal råka hovudet ditt, men du skal råka hælen hans.»
4
1. Mosebok 3:16
Til kvinna sa han: «Tungt vil eg gjera ditt strev når du er med barn, med smerte skal du føda. Etter mannen din skal du trå, og han skal herska over deg.»
5
1. Mosebok 3:19
Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød, heilt til du vender attende til jorda, for av henne er du teken. Støv er du, og til støv skal du venda attende.»
6
1. Mosebok 3:17
Og til mannen sa han: «Fordi du høyrde på kvinna og åt av treet som eg forbaud deg å eta av, er jorda forbanna for di skuld. Med strev skal du næra deg av henne alle dine levedagar.
7
1. Mosebok 3:11
Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?»
8
1. Mosebok 3:24
Han dreiv mennesket ut, og aust for Edens hage sette han kjerubane og det flammande sverdet som blir svinga utan stans. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.
9
1. Mosebok 3:20
Mannen kalla kvinna Eva, for ho vart mor til alle som lever.
ቤት
መጽሐፍ ቅዱስ
እቅዶች
ቪዲዮዎች